7.-10. JUNI  Torgdagane  i Bergen

 

 

Vi tok laust frå Iglandsvika torsdag den 7 juni om ettermiddagen, og gjekk til Værlandet for å hente Malvin stuert.

Vi var oppe på puben til tante Gry for å smake på  Aldenølet hennar. Dette er laga i Florø av Kinn bryggeri.

Magnar og Jim hadde med seg trekkspela opp på puben, så musikken var snart i gang. Thor, far til Gry, kom med sitt trekkspel og, så det var masse musikk.

 Vi skulle ta laust kl. 06 neste morgon så kvelden vart ikkje så lang.

 Vi stima sørover og var i Bergen kl. 13:10.

Vi kunne ikkje få den plassen vi var tildelt på Bryggen før neste morgon, så vi måtte ligge ei natt ved Holbergsalmenningen.

Her fekk vi om bord radiokontrollen. Med nokre pålegg om utstyr vi måtte få på plass, fekk vi i orden radiosertifikatet. Vi har no A2 sertifikat og kan gå over Nordsjøen utan dispensasjon.

 Neste morgon forhalte vi til Bryggen. Her var masse båtar og endå meir folk på kaiane. Været var fint heile helga, så vi kosa oss på dekk. Malvin lagde fiskesuppe som vi selde på akterdekk. Vi fekk inn ein del kroner på dette. Kalvåg Kystlag sto på kaia og selde gamle seisa kuler, korker, garn, tau og teiner. Dette gjekk som varmt hvetebrød. Noko av salget var for Haugefisk, så det blei nokre kroner her og.

 På søndagen kom Torbjørn Kolås og henta 8 stk. av oss for ein tur med ribbåt. Turen gjekk rundt Sotra med stopp i Telavågen. Her var vi på krigsmuseet. Det var kjempefint og vel verdt eit besøk. Tusen takk til Torbjørn.

 Måndag morgon kl 06:00 tok vi laust for å gå til Steinsland og hente flytebrygga som vi hadde kjøpt. Denne skal båten ligge attmed på Iglandsvika når alt blir klart.

Vi starta tauinga kl. 11:30 og vi fekk fort opp ein fart på 4,5 mil. Til tider var vi over 5 mil, så dette gjekk fortare enn vi hadde frykta. Godt vær heile vegen, så vi var på Iglandsvika neste dag kl 14:00.

Bilder frå turen her.

Jostein.

KRABBE på dekk..