Fisketur 20 april 2012

Fisketur vest av Kalvåg.

 

Første turen i år var ein fisketur med eks. fylkesrådmannen Øhlckers med mange venner. Blant andre eks. fotballpresident Ravn Omdal.

 

Dei kom til Kalvåg torsdag den 19. april for innkvartering.

Tidleg neste dag var det tid for fisking. Vi skulle sette line på turen, så vi fekk med oss ein røynd linefiskar: Per Ivar Sundsøy.

 

Turen gjekk gjennom skjergarden på vestsida av Frøya, og ut på grunnen. Været var aldeles vakkert, det var sol og heilt flatt hav.

 

Vi sette lina ved Nøre fluna,  2 stampar med handegna line.

 

Deretter bestemte vi oss for å gå til Grunnskallen. Her stoppa vi og Haugefisk låg nesten heilt i ro, så lite vind og straum var det.

Vi hadde laga til snøre til dei med tunge pilkar. Dette for å komme igjennom palestimane.

 

Dei hadde ikkje fått snøre i botn før ropinga begynte. Opp kom dei med 1,2,3 og opp til 4 store lyrer og torskar i gongen. Olemann hadde rigga oss til med eit flott sløyekar, og dette kom vel med. Dei fiska og fiska heile dagen.

 

På slutten sa ein av dei til Kåre Jarl: «Eg må ha ein torsk til». Han slakka ut, og der sat den med ein gong. Eg trur dei var veldig fornøgde så langt.

 

Midt på dagen laga Kåre Jarl til komle og saltkjøt til dei. Dette var full klaff.

 

Vi trur at vi hadde 300 kg. med kappa fisk.

 

Dei spurte om vi kunne skaffe dei ein flekkar, så vi ba Svein Inge om å kontakte Keven.

Svein Inge fortalte Keven at det tok vel ein halv times tid å flekke fisken for dei.

 

Vi var tilbake i Kalvåg i 5 tida på ettermiddagen. Keven kom og starta, men kl. 7 måtte han gi seg for han skulle i selskap om kvelden. Han var tilbake neste morgon, og heldt på i 2 timer til før han var ferdig.

Så halvtimane til Svein Inge er ganske lange.

På laurdagen heldt karane på med og steike fiskekaker og pakke fisk heile dagen.

 

Det siste dei sa var at dette gjer vi om igjen. Dei har allereie bestilt tur til hausten og neste vår. Betingelsen er at dei får same kosten.

 

Dei skal vere velkommen tilbake.

 Bilder frå turen.

Jostein.

Komlemiddag høyrer med ombord..