Fylkesordføraren med tale ved heimkomsten for autolinebåten 'Haugefisk'

Fylkesordførar Nils R. Sandal heldt tale på Hauge i Bremanger 27. januar ved heimkomstfesten for autolinebåten 'Haugefisk'.
Han understreka at fartøyvernarbeid er ein viktig del av kystkulturen, og at ingen autolinebåtar tidlegare er tekne vare på. Vidare: 'Haugefisk' skal hjelpe oss til å forstå kva havet, lokalsamfunna, fiskarane og familiane har representert for oss — nesten heilt fram til i dag. 'Haugefisk' som del av kulturarven vår skal brukast. Det gir det beste vernet for denne båten

Gode vener av kystkulturen!

 

Dette er ein gledeleg dag for kystkulturen i vårt fylke!

Dei fleste av oss — faktisk heile 80 % av landet si befolkning — bur langs kysten. Kysten sine ressursar er framleis grunnlaget for den viktigaste verdiskapinga vår, og for kunnskaps- og teknologiutviklinga i landet. Dei to største og viktigaste eksportnæringane våre — olje- og gassindustrien og fiskerinæringa — hentar begge råstoffa frå havet.

I tillegg er kysten etterkvart blitt langt meir viktig for reiselivet. På eit vis kan vi seie at Sogn og Fjordane slik sett ligg midt i ”matfatet” — det er ikkje mogeleg å vere meir sentral enn det vi faktisk er!

Vi ser no at fokus innan det offentlege sitt kulturminnevernarbeid er i endring - over mot kystkultur. Det er bra, ikkje minst når vi ser alt som skjer langs heile kysten vår — tufta på frivillig arbeid, stort engasjement og lokal mobilisering.

Fartøyvernearbeidet, som ein viktig del av kystkulturen, har også fått auka merksemd dei seinare åra. Det meste av fartøyvernearbeidet går føre seg nettopp gjennom frivillig arbeid, det vere seg i regi av enkeltpersonar, frivillege grupper, kystlag, osv. Innsatsen i form av dugnad og privat kapital er ikkje liten her!

Eg er glad for at staten når dei no har etablert eit eige ”verdiskapingsprogram” innan kulturminnevernarbeidet, har lagt vekt på kystkultur. Dette ser eg på som ein viktig reiskap for å auke fokus og satsing på den rike kystkulturen vår.

Sogn og Fjordane har inne ein søknad om å få delta i dette programmet med eit eige kystkulturprosjekt. ”Haugefisk” vil kunne spele ei viktig rolle her.

Så til dagens hovudtema — autolinebåten ”Haugefisk”.

Frå Riksantikvaren si side veit vi at ingen autolinebåtar tidlegare er forsøkt tekne vare på. Havfiskeflåten generelt er svært dårleg representert i vernesamanheng.

Eg er difor glad for det store engasjementet som er vist rundt det å ta vare på ”Haugefisk”. Det gjeld så vel frå fiskarlaget si side, næringa sjølv og frå einskildpersonar og Kystmuseet.

”Haugefisk”, representerer ein nyare del av fiskerihistoria vår. Ved at Kystmuseet har engasjert seg i ”Haugefisk” tek museet eit langt — og eg vil seie viktig — steg i arbeidet med å formidle samtidshistoria vår. Omstillinga går raskare og raskare — og vi gløymer lett vår nære historie.
Det som skjedde i går, legg vi bak oss — vi tek oss ikkje tid til å reflektere ved det.

”Haugefisk” skal hjelpe oss til å forstå kva havet, lokalsamfunna, fiskarane og familiane har representert for oss — nesten heilt fram til i dag. ”Haugefisk” som del av kulturarven vår skal brukast. Det gir det beste vernet for denne båten.

Det lokale engasjementet gjer meg trygg på at ”Haugefisk” får eit stort bruksområde. Den skal ikkje berre ligge til kai her ute, den skal brukast som eit flytande museum for skuleklassar, turistar, bedrifter, lokale organisasjonar, og alle som vil vite meir om båten.

Med ”Haugefisk” har vi fått ein flott arena for formidling av vår moderne fiskerihistorie i Noreg. I tillegg ligg her eit reiselivs- og næringspotensiale i båten. Båten kan altså også spele ei viktig rolle for reiselivet i området.

Eg skal garantere alle her at eg skal følgje godt med kva som skjer. Når eg er på Bremangerlandet skal eg ta meg ein tur nedom og sjå til båten.

Då vil eg tenkje at det er dette kultur eigentleg handlar om — engasjement for det vi trur på, samarbeid om å løyse oppgåver, og overføring av kunnskap om det som har vore - som grunnlag for satsing framover.

Eg vil på vegne av Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskje til lukke med dagen. Ikkje minst lukke til med vidare arbeid med autolinebåten ”Haugefisk”.



Denne finn du på  nettsida til Fylkeskommunen:
http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/$all/77B55F2324BF87C3C1257234006C0FB2?open

Haugefisk kjem heim!