M/S Haugefisk

På desse sidene vil det etterkvart komme meir om historia til Haugefisk.

 

Haugefisk

 

MS Haugefisk er ein førstegenerasjons shelterdekka autolinebåt. Den vart brukt til banklinefiske i Nordsjøen, Nordatlanteren og Barentshavet. Den 105 fot lange Haugefisk kom som nybygg til Bremanger i 1978 og hadde heimehamn her mesteparten av tida den var i drift.

Haugefisk var eit av dei første fartøya som var bygd for den nye teknologien autoline, der egning og avegning av lina er automatisert saman med setting og trekking.

Haugefisk er i original stand, er svært lite ombygd og har det aller meste av inventar og lausøyre intakt.

 

I 2005 vart Haugefisk kondemnert og eldsjeler i fiskerinæringa saman med Bremanger kommune og Kystmuseet i Sogn og Fjordane sette i gang ein aksjon for å berge fartøyet.

Kystmuseet overtok fartøyet på antikvarisk grunnlag i november , og er i dag eigar.

 

Med dette tek ein vare på det einaste flytande kulturminne i Noreg som representerer moderne havfiske. 

Haugefisk:

Konstruert av Vik & Sandvik as, Fitjar i Hordaland
Bygd på verftet H E Nordtveit AS, Fusa i Hordaland
Byggeår 1978
Byggnr. 70
Motor Alpha 660 HK, har stått i båten heile tida
Skrog bygd av stål

Hovuddimensjonar
Lengde o. a. 105 ft 7 ”,  32,20 m.
Breidd 24 ft 7” 7,50 m.
Djupn til hovuddekk 13 ft 7” 4,15 m.
Djupn til shelterdekk 21 ft 0” 6,41 m. 329 bruttotonn 

Tidlegare namn
Haugefisk (1978 – 1994)
Veststein (1994 – 1999)
Oldersund (1999 – 2002)

Fernando (2002 – 2005)

Haugefisk kjem heim.

Januar 2005