Nordsjøportfestivalen i  Værlandet/Bulandet, juli 2010.

 

Ein månad etter vi var på "inspirasjonstur til Værlandet/Bulandet  var vi tilbake for å vere med på Nordsjøportfestivalen.

Vi var invitert av Værlandet garnhotell.

Avgang Iglandsvik fredag den 2. juli. Vi fekk legge til kai ved garnhotellet , som sist. Vågen var full av båtar og været var fint. Fredagen hadde vi mykje  folk ombord for å sjå på utstillinga som vi hadde med frå Kystmuseet. Vi selde vaflar og fiskeburgarar.

Om kvelden hadde vi mykje god mat og underholdning.

Laurdagen var den store dagen med salgsboder, kafe og anna aktivitet på land. Vi hadde fiskeburgarar til sals på to plasser i bodene.  Alle var overraska over kor gode dei var.

Om ettermiddagen/ tidlig kveld hadde vi mat på Værlandet båt.  Vi fekk ein god biff stroganoff.

Etter mat var det om bord igjen med masse besøk frå andre båter. God underholdning med sang og musikk.

Om kvelden og litt av natta var vi på dans i Værlandet båt. Der var det god stemning og masse folk.

Søndag føremiddag var det å sule opp og gå heim igjen. Nok ei vellykka helg i Værlandet/Bulandet, men no stod Shetlandstur for døra så vi måtte  heim og gjere oss klare til neste tokt.

Jostein

 

 

bilder kjem....