Shetland 6.- 11. juli 2010

 

Shetlandsturen.

Etter å ha skifta mannskap og medseglarar sette vi kursen mot Shetland tirsdag den 6. juli.

Overfarten gjekk ganske bra. Vi fekk ein kuling dei siste 4-5 timane. Vi ankom Whalsay onsdagen i ti tida og låg der i ca. 2 timar. Vi fekk opp flaggborga, og sette så kursen mot Lerwick. På turen fekk vi eit helikopter over oss som lurte på om dei kunne få drive litt øvelse på båten vår. Dei fira ned ein mann på akterdekket, og etter ei stund henta han opp igjen. Flinke folk.

Vi ankom Lerwick i ett tida. På kaia stod Michael og Terri med hennar familie og tok i mot oss.

Når vi var fast og gangwayen var på plass, fekk vi alle om bord på ankerdram.

Om kvelden var vi på the Lounge. Dette er den baren som var filma i ”Himmelblå”. Der var levande musikk og masse god drikke. Alle var i godt humør.

Torsdagen var som ein privat handledag. Været var fint, så alle gjekk turar og tok inn Lerwick.

Om kvelden var det utdrikkingslag for brudeparet. Mannfolka fylgde Michael på kinarestaurant, og der fekk vi masse god mat.

Damene var med Terri til Bressaya. Dei hadde og ein fin kveld. Om kvelden var ein del av oss på puben the Noost, ”naustet”. Vi hadde med trekkspel og torader, så der var fin god norsk musikk. Dei lokale likte musikken godt.

Fredag morgon leigde vi oss ein minibuss. Turen gjekk sydover, heilt til sørenden av the Mainland, Sumburg Head. Her er eit stort fyr, og mange tusen fuglar i berga. Lundefugl, havhest, havsule, måser og andre fuglar. I sjøen såg vi masse sel. På turen tilbake tok vi turen innom Scalloway. Her er sett opp ein bauta over dei som mista livet av Shetlandsgjengen. Vi såg på Olavsslippen og the Norway house. Dette er slippen som vart brukt ved oppsetting av båtane under krigen, og huset dei budde i.Vi var tilbake i Lerwick ca. klokka eitt.

Klokka fire var det vigsle i ei av kirkene i Lerwick.Dei vart godt gifte. Nokre av oss var innvitert på middagen i Islebura.

Om kvelden var det dans og moro for heile gjengen. Masse god Shetlands dansemusikk. I pausen spelte Magnar og Oddvin norsk musikk. Dette vart godt motteke. Alle kom seg om bord i løpet av natta.

På laurdagen tok vi brudeparet og Terris familie frå England på ein tur rundt Bressaya. Dette vart ei fin tur med godt vær og masse fuglar å sjå i fugleberga på the Noss.

Vel tilbake i Lerwick vart det meir shopping.

Om kvelden hadde vi ein del av bryllupsgjestane om bord for norsk feiring av brudeparet. Vi hadde verdens beste kokk med oss,Malvin Grepstad frå Værlandet. Han hadde laga i stand retter av fisk ogkjøtt som var heilt ubeskrivelige. Til og med Michael som ikkje liker fisk, måtte prøve fiskesuppa til Malvin. Vi hadde til og med ei dame i rullestol om bord,så Haugefisk kan kallast for handicapvenleg. Musikk og dans på dekket til langt på natt.

Søndagen gjekk med til forberedelsar på heimturen. Vi gjekk frå Lerwick klokka sju om kvelden.

Turen vart avslutta i Iglandsvik måndag den 12. juli i åtte tida om kvelden.

 

Jostein Nødset