1.-7 årssteg på Hauge ombord i Haugefisk mai 2009.

 1- 7 årssteg var puljevis ombord i båten desse to maidagane. Dei fekk omvisning ombord i bysse, maskinrom, styrehus og framme på dekk. Ola Martin,fortalde om historia til båten og om fiskeriet båten dreiv. Jan, tidlegare eigar og skippar sat i styrhuset og fortalde mange spennande historier frå den gongen han var på havet med Haugefisk. Bjørn var matros , laga mat og hjelpte der det trongst. Bård var i maskinrommet, og her fekk elevane sjå og prøve starte maskina. Alle elvane fekk pølse med brød og saft i byssa. Omvisninga vart avslutta med ein tur på fjorden. det var høgdepunktet !Mange av elevane hadde aldri vore ombord i ein fiskebåt før, og syntest dette var kjekt.

To gjevande dagar for både store og små.

 

 

 

Du kan sjå meir og lese på Hauge Skule sine nettsider: http://www.haugeskule.gs.sf.no/avis/indexdes07-v09.shtml