I begynnelsen av oktober slepte vi vassrøyr frå Smørhamn til Bremangerpollen.

Slep av plastrør

Kvart av røra var 700 meter lange.

 

 

 

Fredag den 27. september hadde vi 10. klasse ved Hauge skule på fjorden med den kulturelle skulesekken. Dei fekk sette og dra enda. Og dei måtte sjølvklart kveile tau. Litt spleising og knyting vart det og.

Jentene var flinke å køye båt.Elevane i sjøen

Flink skipper                                                                Populært med redningsøving.

Godt påpassa.Viktig med mobilen

Dei vart godt påpassa.                                                          Flotte bilder.

 

Den 18 september satte vi kursen for Sogn. Vi skulle vere med på å feire 250 års jubileet for Fylkeskommunen. Vi stoppa i Balestrand om onsdagskvelden.

 I BalestrandKveld i Balestrand

I Balestrand                                                                Kveldsstemning i Balestrand

Neste morgon gjekk vi til Hermansverk. Her var Svanhild og Nybakk kommt kvelden før. Vi la oss på utsida av Nybakk.

Krabbe og pigghåI Hermannsverk

Krabbe og pigghå i tank.                                                         Fast i Hermansverk

 

 

Vi hadde ca. 300 personer ombord denne dagen. På dekk hadde vi ein tank med krabber og pigghå oppi. Dette var populært blant ongane.

Fredagen gjekk vi heimatt.

 

Fredag den 13. september flytta vi Haugefisk til Smørhamn for vinteropplag. Vi har inngått avtale om kaileige med Magne Grotle. Forhåpentligvis kan vi få til noko ved flytekaia på Iglandsvik til våren/ sommaren neste år.

Haugefisk i Smørhamn

Ved kai i Smørhamn

 

Dagen etter var det Davik sin tur.

Elevar i redningsdraktKlar ferdig hopp.

Alle klar.                                                                   Hopp.

 

Tirsdag den 3. september var vi med den kulturelle skulesekken i Svelgen.

Det var samme opplegg som i fjor. Setting av line, spleising, knyting og sikkerheit på sjøen. Alle som ville fekk prøve redningsdrakter.

Ung skipperElevar frå Svelgen

Ung skipper                                                                   Første pulje i Svelgen

Andre puljeArbeid på dekk

Andre pulje i Svelgen                                                    Arbeid på dekk

                                                                      

 

Torsdag den 29. August hadde vi Kommunestyret i Bremanger på tur til Dyrstad og ein liten fisketur etterpå.

Bremanger kommunestyre 2013

Kommunestyret i Bremanger 2013.

 

Vi har planer om tur til Shetland neste sommer. Vi kan tenke oss tur rundt jonsoketider. Har du lyst å være med kontakter du Jostein: jostein.nodset@haugefisk.no   eller mobil: 975 74116. Først til mølla.

 

Etter fire flotte dager var det på tid å sette kursen heimover. Vi gjekk frå Lerwick i ett tida på tirsdagen. Via Værlandet var vi tilbake i Iglandsvik kl. halv fire på onsdagen. Takk til alle for ein fin tur. Dette må vi gjære igjen.

Klare for avgang                                                              Takk for no

Townhall                                                                                Townhall innvendig

.

 

Nye huset til Terri og Michael                                        Utsikt frå Hillhead

Johs, Terri og Michael

Johs, Terri og Michael                                                          Jim, Michael og Elaine underheld.   

 

 

Sveinung og Einar koser segJim, Jack, Steven, Pån og Diane

Sveinung og Einar koser seg.                                           Jim, Jack, Steven, Pån og Diane.

 

 

Lørdagskvelden innviterte vi ombor ein del av våre venner. Vi serverte fiskesuppe og steik.

Etter elleve timer kom vi til Lerwick i femtida om ettermiddagen. Her var mange møtt opp på kaia for å ta imot oss.

Vi ville prøve å komme inn i hamna på Fail Isle, Men det var så fullt ved kaia at vi snudde i innløpet. Vi får prøve ein anna gong.

Klokka seks på fredagsmorgonrn tok vi laust for Shetland.

Vi låg i Kirkwall onsdag og torsdag.

Orkenøyane er større enn man skulle tru, med masse jordbruksland. Vi tok busstur til Stromnes og Skarra Brea.

LandlovSt Magnus

 Første tur i land.                                                                  Flott katedral.

Busstur til Skarra BreaFlott vær i Kirkwall

Busstur til Skarra Brea                                                          Flott vær i Kirkwall

Fortøyd i Kirkwall På vei inn i St. Magnus

Etter 31 timer var vi i Kirkwall.                                Vi matte inn og sjå

Flott overfart og godt vær i land

 

Vi måtte ha oss ein tur til i vesterled før vinteren kjem. Så på mandag den 12 august la vi i veg.På grunn av sjukdom vart vi litt redusert i bemanning, men vi var 10 stykker ombord. Først til Florø for å hente folk, og så til Værlandet. Her henta vi Malvin og Elsa.I tre tida om ettermiddagen satte vi kurs for Kirkwall.

Flott solnedgang i Bergen

Nydelig solnedgang i Bergen

Sandnes. (Flott skute)

Sandnes er ei flott skute.

Flott prasering

Sentral plasering.

Haugefisk i Bergen

Vi hadde gamle HaakonVII på sida.

Opplysninger

 

Frå 31/7 til 4/8 var vi i Bergen på Fjordsteam. Kjempefint i Bergen desse dagane.

 

 

Fisketur vest om land Haugefisk ruver i Kalvåg

 

Torsdag den 18, fredag den 19 og lørdag den 20/7 var vi på fisketur med russara. Dei fiska i fem timer kvar dag. Vi fekk eindel fisk, så dei var godt fornøgde.

 

 

Fredag den 5 juli var vi i Frøysjøen for å ta imot M/S Sjøkurs. Hon  er på tur for NRK. Dei lager programmet Sommeråpent. Det var masse folk å tok imot dei på nyekaia. Flott program på fjernsynet om kvelden.

sjøkurs

 

 

Fredag den 28 juni gjekk vi til Måløy. Vi var innvitert av Måløydagane. Dei vil prøve å få til eit treff for veteranbåtar under Måløydagane.Været var fint på lørdagen, så vi hadde nokre fine dagar. Tilbake i Iglandsvik søndags ettermiddag.

 

Så er vi tilbake etter endå ein vellykka tur til Shetland. Vi kom inn til Whalsay onsdagskvelden i femtida. Her sto folk og tok imot oss. Vi avtalte å møtast på puben om kvelden. Dette vart ein svært hyggelig kveld. Vi vart påspanderte på av beste Shetlads vis.

Neste morgon drog vi vidare til Lerwick. Kom inn der i 12 tida. Vi fortøgde rett framom Nybakk på Victoriapiren. Klokka 18 drog vi med ferga til Bresay for skallfest party. Dette er eit mektig måltid som vi har hatt 3 ganger no. Eigaren har no seldt Maryfield til Canadiske eigarer. For håpe at dei fortsetter dette måltidet.

Fredagsmorgonen samlast vi i minibussen som vi hadde leigd. No bar det opp til enden av Unst, den nordligaste øya på Shetland. På veien stoppa vi på ølbryggeriet Valhalla og Boathaven. Vi enda opp i Burrafirth. Dette er ein nedlagt fyrvakterbolig som no drives som utleige av vår venn Edbund Nickolson. Han hadde opna baren for oss, så alle trivdes godt. Vi fekk ikkje tur til Muckle Flugga på grunn av at båten til Edmund var på slipp.

På veien tilbake besøkte vi også ein annan god vennepar: Douglas og Mary Leask. Dei opna heimen sin for oss alle 17. Tusen takk til Edmund og Douglas.

Vi var ikkje ombord i Haugefisk før klokka var 20:30.

Lørdags føremiddag var satt av til bytur og shopping. Kl 15 samlast vi i hagen til Steven for grillparty. Dei lagde eit kjempemåltid for oss. Takk til Steven og Pån.

Kl 18 var det karnevalopptåg gjennom gatene. Dette vart litt ødelagt av kalg nordavind og regn, man det var ei oppleving.

Om lørdagskvelden var det besøk på pubane i Lerwick.

Vi kasta laust søndag kl 14:30, og var tibake i Norge neste ettermiddag.

Eg veit at alle kosa seg på turen, og hadde lyst på ein tur til neste år.

Jostein

 

Frå tirsdag den 21. mai blir det dugnad ombord kver dag frå kl. 17:00. Møt opp. Vi må vaske og male skuta til sesongen.

               

Mandag den 6. mai var vi med på opninga av fiskerikaia i Kalvåg. Det var fiskeriministeren som opna kaia. Været var ikkje fint, med regn og kuling.Men dette satte ikkje nokon demper på feiringa. Skulemusikken var med, og mange møtte opp til feiringa. Fiskeriministeren hadde samtidig med seg den glade nyheita at det ikkje blir nokon forandring på minstemålet på notfanga sei.

Elevar frå Svelgen

Elevar frå Svelgen 2013.

 

 

Kveling

Alle må lære å kveile.

 

Torsdag den 2. mai var vi i Svelgen og tok 10. klassingane ut på fjorden i den kulturelle skulesekken. Dei fekk prøve å manøvrere Haugefisk og sette og drage liner. Vi hadde også ein stasjon med knyting og spleising av tau. I byssa fekk dei prøve seg på fish and chips. Dette fekk dei æte rett før dei gjekk iland. Veiret var ikkje det beste, men vi fekk inntrykk av at dei likte seg.

ViKulturelle skulesekken 2013

Magnar lærer elevane å spleise.

 

Fredag den 3. mai var det elevane på Hauge sin tur. Her var om mulig været endå dårligare, med snøbyger og vind. Vi hadde samme opplegget som i Svelgen, og fekk inntrykk at alle likte seg.

 

                                    

           Fisketuren på fredag den 26 april vart veldig vellykka. På vei utover fekk dei ein god frukost. Det er den samme gjengen som har vore her no 5 ganger.

Vi satte line i Minnet før vi gjekk på havet for å fiske. Fiskeforholda var ikkje dei beste, med masse straum. Dei fiska i to til tre timer på forskjellige plasser. I 2 tida var det tid for middagen som Reidulf hadde laga sidan tidlig morgon. Komle, saltkjøtt og pølser.

Etter dette drog vi lina vår. Der var ein del brosme, torsk og hyse. Pluss 2 skater. Tilsammen hadde vi vel ein 70 kilo fisk. Vi returnerte til Kalvåg i femtida.

Neste morgon kom Keven og filiterte fisken for dei.

Vi takker for turen og ønsker dei velkommen tilbake.

 

                                                                            Turer sommaren 2013

                                   26/4 Fisketur

                                   2/5   Kulturelle skulesekken i Svelgen

                                   3/5   Kulturelle skulesekken i Hauge.

                                   15/6 Tur til Svelgen med Tour of Bremanger

                                   19/6 Familietur til Shetland

                                   28 til 30/6  Måløydagane

                                    31/7 til 4/8 Fjordsteam i Bergen

                                    19/9  Fylkesjubileet i Leikanger sogn 

Dette er turer som er booket. I tillegg prøver vi å få til ein tur til Kirkwall Orkenøyene, og Wick i Scotland den 12. august i år. Dei som har interesse for ein slik tur kan kontakte Jostein på telefon 975 74116, eller jostein.nodset@haugefisk.no.

 

Etter årsmøtet gjekk vi til Raudeberg for slipping. Dette tok nokre dager for vi måtte ut med roret for tetting av rorstammen.

Etter Raudeberg gjekk vi til Borgundvågen på Stad for å hente og montere egnemaskina og avonglaren. Dette er no på plass. Vi mangler berre splitta. Den skal vi få i midten av mai. Når den er på plass begynner det å bli orden på tingene.

 

 

 

Referat frå årsmøtet 2012

 

Tilstade: (frå styret) Ola Martin Grotle, Jan Torvanger, Anita Solbakken Nygård, Jostein Nødset og Bård Grotle.

Andre medlemmer: Bjørn Fjellheim, Malvin Grepstad, Bjørn Nygård, Jan Kvamme, Jan Nybø, Jostein Senneset, Per Inge Igland og Jostein Kristiansen.

 

SAKER.

 

1. Innkallinga til årsmøtet vart sendt i brev til medlemmane og det var oppsett på butikkane.

    Innkallinga vart godkjent

    Møtet vart leia av Ola Martin Grotle.

2. Jostein Nødset orrienterte om aktivitetar i 2012 og planlagte turer hittil i 2013.

    I tillegg til det ein har fått utført hittil er det den 26. april avtalt fisketur med Per Omdal og

    andre for 3 året på rad.

    Skulesekken 2. mai i Svelgen og Hauge den 3. mai.

    Shetlandstur 19. til 24 juni.  Fjordsteam i Bergen 31/7 til4/8.

    Leikanger 19/9. 250 års jubileum for fylkeskommunen.

    I tillegg er andre opplegg aktuelle. Det kom også forslag frå møtet som styret vil ta opp.

3. Kontigenten vart einstemmig vedteken med samme sum. Kr. 250,- for 2013.

4. Regnskapen for 2012 vart gjennomgått av Jan Torvanger og vart einstemmig godteke.

5. Budsjettet for 2013 vart og einstemmig godteke. Det vart påpeika at her dukker opp muligheiter

    i løpet av året og at ein er litt fleksibel for å utføre oppdrag som måtte dukke opp.

6. Valg: Anita Solbakken Nygård hadde bedt om å få gå ut av styret. I hennar plass vart

    Hildegard Strømmen Nygård einstemmig valgt. Leiar Ola Martin Grotle og resten av styret vart

    einstemmig gjenvalgt.

 

    Styret hadde ikkje motteke andre saker til behandling.

 

    Bremanger 19/4-2013.

 

    Ola Martin Grotle. Leiar                                             Jan Torvanger. Referent

    Sign.                                                                                   Sign

 

 

 

INNKALLING TIL  ÅRSMØTE 2012

 

Tid og stad: Haugefisk på Iglandsvik, fredag 19.april 2013 kl. 19.00

 

SAKER

1. Godkjenning av innkalling

2. Planlagte aktiviteter i året

3. Kontingent 2013

4. Regnskap

5. Budsjett

6. Valg

Forslag til saker på årsmøtet må vere styret i hende 5 dager før årsmøtet.

 

 

Bremanger, 05.04.2013

 

Haugefisk Venner

 

Haugefisk er forhands tildelt kr. 200.000,- frå riksantikvaren for 2014. Sogn og Fjordane museum har forskutert desse pengane til oss. Mesteparten er brukt på slipping, sink, bunnsmøring og tetting av rorstammen.

 


Haugefisk venner er no registrert i Brønnøysund med nummer 998 514 436.
Dette betyr at alle kan legge Haugefisk inn som grasrotandel ved Norsk tipping.

Ein kan registrere seg ved kommisjonær eller på nettet.

 

 

 

 

SANDVIKSDAGANE 2012

1. og 2. september var HAUGEFISK på plass i Bergen for å delta på Sandviskdagane.


Kystmuseet var invitert til desse dagane i Bergen.

Vi gjekk frå Iglandsvik  tidlig om fredagsmorgonen til Florø.

 Her kom tilsaman 10 personer om bord frå alle musea i Sogn og Fjordane, pluss ein masse utstillingsutstyr.

Frå Florø gjekk vi den vante veien om Værlandet for å hente Malvin og Elsa.

 Les meir om kva Jostein fortel her.

 

Værlandet og Skjerjehamn sommaren 2012.

 

Michael og Terri frå Shetland var gjestar ombord.

Jostein skriv og fortel frå turane:

 

"Værlandet 6-8 juli."

Også i år var vi med på Nordsjøportfestivalen i Værlandet.

Vi gjekk sørover tidlig fredagsmorgonen. Vi var og innom Florø for å hente nokre som kom ombord der.

I Hamna vart vi som alltid godt mottekne. På kaia stod Malvin med bilen full av ingrediensar.

Han kom om bord og begynte si kokkelering."

Les meir på toktblogg Nordsjøportfestivalen og Skjerjehamn.

 

23.08.12.

Stor yacht på besøk.

Haugefisk har vore på havfisketur med amerikanarane ombord i yachten.

 

 

 

Riksantikvaren ombord

Laurag 11. august 2012 var Riksantikvaren på besøk i Måløy og fekk besøkje Haugefisk og Vågsberget.

Haugefisk tok imot på Måløy Brygge og skyssa riksantikvar Jørn Holme ut til Vågsberget. Ombord var Bjørn Fjellheim frå Kystmuseet og dei røynde lineskipparane  Bjørn Nygård, Per Ivar Sundsøy og Øystein Sandal som gav Holme omvisning og kunne fortelje om Haugefisk og linefisket. Etterpå var det middag på Vågsberget. Holme sette stor pris på besøket ombord.Han kunne ikkje love meir pengar, men var klar på at han ser verdien i å bevare og ta i bruk kulturminna. 

 .

 Kystkulturstemnet i Kalvåg 3.-5. august.

Også i år låg Haugefisk ved kai i Kalvåg under stemnet.

Det vart eit særs vellukka arrangement.

Mykje folk og god stemning.

Les meir i Fjordenes Tidenede her

.

 

Tur til Værlandet-Bulandet 6.-8. juli.

Den 6. til 8. juli skal vi til Værlandet på Nordsjøport festivalen.

Her er endå nokre ledige plasser.

Ring Jostein på tel: 975 74116 for plass.

Oversikt over turar sommaren 2012 finn du og her

 

26.06.12

FLYTEBRYGGA/ KAIA TIL HAUGEFISK ER KOMEN TIL IGLANDSVIK.

Måndag 11.juni om morgon kl 06:00 tok vi laust i Bergen for å gå til Steinsland og hente flytebrygga vi har kjøpt.

Vi starta tauinga kl. 11:30 og vi fekk fort opp ein fart på 4,5 mil. Til tider var vi over 5 mil, så dette gjekk fortare enn vi hadde frykta. Godt vær heile vegen, så vi var på Iglandsvika neste dag kl 14:00.

Flytebrygga skal båten ligge attmed på Iglandsvika når alt blir klart.Huset skal og nyttast som servicehus i gjestehamna på Iglandsvik. Denne skal vere klar til midten av juli. 

Vi gler oss:-)

 

Haugefisk på ulike oppdrag.

Haugefisk fekk no i juni i oppdrag å hente makrell i Eikefjorden.

 

 

 

   og å slepe eit kvalkadaver ut av Bremangerpollen.

 

 

26.06.12

 

TORGDAGANE I BERGEN  7.- 10. juni 2012

 

Vi tok laust frå Iglandsvika torsdag den 7. juni om ettermiddagen, og gjekk til Værlandet for å hente Malvin stuert.

Vi ankom Bergen i 13 tida fredag. Det var ikkje plass til oss på Bryggen, så vi la oss til på Holbergsalmenningen.

Neste morgon forhalte vi til Bryggen. Her var masse båtar og endå meir folk på kaiane. Været var fint heile helga, så vi kosa oss på dekk.

Les meir om turen her.

Bilder frå turen her

 

10.06.12.

På Fisketur med Haugefisk.

"Dei kom til Kalvåg torsdag den 19. april for innkvartering.

Tidleg neste dag var det tid for fisking. Vi skulle sette line på turen, så vi fekk med oss ein røynd linefiskar"

Les meir på toktblogg her.

Bilder her.

 

 

03.06.12.

Den kulturelle skulesekken 2012.

 

Først ut i år var Hauge skule, deretter Svelgen og til slutt på Davik.

Alle elevane og lærarane uttrykte berre positive tanker om opplegget vårt.

Vi håpar at dette opplegget kan halde fram. Neste år har vi kansje på plass ny egnemaksin, og då kan vi få til eit endå meir variert og spennande opplegg.

Bilder frå årets opplegg finn du her.

 

30.05.12.

Jostein har skrive frå turen til Shetland:

Tur til Shetland mai 2012

Før turen hadde vi dugnad på vasking og reingjering.Torsdag den 10. mai var vi i Måløy for å bunkre og ta inn proviant.Vi la ut ifrå Iglandsvika mandagen den 14 mai kl. 09:20 i storm frå sydvest. Til Florø for å hente 5 deltakarar. 3 stk kom med ekspressen og 2 var frå Florø. Vi var no totalt 14 stk om bord.......

Les meir på toktblogg 2012.    Bilete 

 

20.05.12

Ei annleis 17. mai-feiring

Mannskapet på MS "Haugefisk" drog til Shetland for å heidre dei som kjempa for  fridomen vår under krigen.

Les meir i Firdaposten

 

 

17. mai på Shetland:

Jens Stoltenberg opnar nytt museum. M/S "Haugefisk" overleverer gåve frå Bremanger.

Les meir på Fylkearkivet her

 

Haugefisk» til Shetland

«

Foto Anbjørg Hauge Nygård

Veteranlinebåten «Haugefisk» frå Bremanger og Kystmuseet, skal vere med på eit større arrangement på Shetland 17. mai. Statsminister Jens Stoltenberg skal også vere til stades på markeringane.

Les meir på Firdaposten

 

LEGG UT PÅ NYTT TOKT

Både Nybakk og Haugefisk skal på tokt i Vesterled denne måneden.

Vågsøybåten MS Nybakk og Bremangerbåten MS Haugefisk er begge invitert til å  være med på åpninga av nye Scalloway Museum 17. mai.

Les meir i Fjordenes Tidende

 

 

2012-04-28 

TUR TIL SHETLAND I MAI.

Vil du vere med til Shetland  og feire 17. mai ?

Haugefisk og Kystmuseet skal vere med på ei markering 17. mai i Scalloway.

Vi skal vere med på opninga av det renoverte krigsmuseet og minnesmerka der.

Statsministeren skal vere med og opne museet.

Det er planlagd stor festivitas, med opptog , musikk og dans på kaia. Det vert og busstur rundt på Shetland. Dette blir ein variert og spennande tur.

Programmet er tenkt slik:

Avreise 13/14 mai- til Lerwick

Til Scalloway 16. mai

Retur 21 mai.

Alle medseglarar er som vanleg med og dekkar driftsutgifter og kost.

For nærare informasjon og påmelding:

 Jostein Nødset tlf: 97574116.

 

 

 

Januar 2012

 

Bilder frå Islandsturen på plass!

Sjå bilder frå turen på  bildegalleri - les toktblogg av Jostein om turen.

Heile gjengen på biltur.                                     Olemann og Reidun feirar bryllaupsdag ombord

 Bakkejekta sin blogg frå turen kan du lese her.

 

 

Informasjon frå Forbundet Kysten:

Til alle som er med eller vurderer å være med i samarbeidet om Norges satsning i Brest 2012 .

Informasjon om Brest 2012 – lokalisering av den norske utstillingen og pressemeldinger fra arrangørene. Asgeir Svendsen, nestleder i Forbundet KYSTEN og undertegnede er for tiden i Brest. Her legger vi frem våre planer og vi forhandler med arrangørene.

 
Lokalisering

 


En ting som er klart er lokaliseringen av den norske utstillingen, eller landsbyen (village) som arrangørene kaller det. Vi har fått en gunstig plassering på Marinens område som åpnes under festivalen. Dette område ligger midt i byen og festivalområdet. Se vedlagte plan. De fleste norske skipene og båtene vil få plass ved den norske landsbyen. I tillegg til denne lokaliseringen ønsker arrangørene at vi lager en mindre stand på et område dere finner øverst til venstre i vedlagte plan. Det er merket med ”20 Ans” og er en egen ”landsby” som skal samle alle ”Guest of Honour” nasjonene som har vært  med på hver festival i løpet av de 20 årene som er gått siden første festival ble arrangert. Hva vi setter opp der får vi komme tilbake til.

 

 
Pressemeldinger
Legger ved et knippe pressemeldinger fra arrangørene. Her finner dere mye informasjon om festivalen og programmet neste år. Som dere vil legges det opp til en 20 års-markering av Brest-festivalene. Det går mot den største satsingen i Brest noensinne. Vi har satt som mål at Norge skal delta med 20 skip og båter i samband med jubileet.
I neste mail presenterer vi en brosjyre og mer om vårt program. Da legger vi ut informasjon på nettside og Facebook samt av vi  presenterer logo og grafisk profil.
Arrangørene i Brest skal snart publisere en engelsk oversettelse av nettsiden til Brest 2012.

 

Nettsiden: http://www.lestonnerresdebrest2012.fr/Ta kontakt hvis dere lurer på noe eller har spørsmål.
 
Med vennlig hilsen
 
Tore Friis-Olsen

Forbundet KYSTEN For bevaring og bruk av eldre fartøyer og kystmiljø
Féderation norvégienne pour la sauvegarde et l`utilisation des anciens bateaux et de la culture côtière
A federation for the use and preservation of historical vessels and coastal environmentTlf/tél/phone 0047 22424282
Mobil/portable/mobile 0047 922 04 874
tore@kysten.no
www.kysten.no

 

 

 

20.september:

Det vert årsmøte i Haugefisk Venner med påfølgjande festleg samver laurdag 1. oktober. Saker til årsmøtet må vere styret i hende innan 25 september.

19.September:

Toktblogg frå sommaren 2011.

Jostein har skrive og fortalt om alle aktivitetane Haugefisk har vore med på fra april til august. Du kan lese dette under Toktblogg- 2011.

Haugefisk vart filma under innseglinga til Husavik på Island. Sjå filmen frå Youtube  her

Vi legg og ut bilder frå turane snart.

 

Kystkulturstemnet i Kalvåg.

Haugefisk kom rett frå Island og til Kalvåg for å delta på, og vere medarrangør på Kystkulturstemnet første helga i august. Det vart eit vellukka arrangement, mange besøkande og stor aktivitet både ombord og på land.

Sjå bilder får stemnet på Fjordenes Tidende her

Firdaposten her

 

 Island- juli 2011

Haugefisk klar for avgang Island for å delta på Nordisk kystkulturfestival Sail Húsavík.

Foto: Fjordenes tidendeI vesterled: M/S Haugefisk dro tirsdag til Island og Færøyene. Ikke alle som skulle være med var på plass da bildet blei tatt, men her står Lars Olav Rylandsholm (foran f.v.), Asbjørn Igeltjøn, Magne Follevåg og Ove Losnegård, og bak f.v. Ola Martin Grotle, Håkon Dyrstad, Malvin Grepstad, Kåre Jarl Langeland, Jostein Nødset og Øystein Helle. (Alle foto: Kari Midtgård Råsberg)

Haugefisk sitt mannskap klar for avgang til Island.

Les meir på Fjordenes tidende her

 

 

16.06.11.Haugefisk til Island

"Haugefisk er en del av den norske flåten som snart setter kursen vestover mot Island til den nordiske kystkulturfestivalen Sail Husavik. 11 skip og båter deltar fra Norge. Haugefisk seiler fra Florø. Foruten en fiskeriutstilling skal Haugefisk ta med tre båter ombord: En jekt, en nordfjordsfæring og en sekskeiping fra Sunnfjord."

Les meir på FORBUNDET KYSTEN: her

 

Mai/ Juni 2011.

Haugefisk er no reist til Måløy for verkstadopphald hos Blålid . Båten skal skifte eksosanlegg. Turen går deretter til Danmark, Fredrikshamn,der motoren skal overhalast.

Båten skal vere tilbake i juli- klar til Islandsturen.

28 april, Firdaposten:

"Igland Utvikling, lanserer planar om ei svær småbåthamn i Iglandsvik på Bremangermessa i helga. Museumsbåten, autoline-båten, MS Haugefisk skal få plass ved hovudkaia". les meir her

 

 Bremangermessa 2011.

 Haugefisk skal delta på Bremangermessa 30 april-1.mai.

Båten skal ligge ved kaia på Hauge under messa. Det vert open båt og vi har lagt opp til litt aktivitetar ombord for barn og voksne.

Kl.20.00 vert det sosialt samvær ombord i båten med mat og quiz, kr 200,-.

Havly deltek og det vert høve til å få kjøpe seg godt drikke for dei som vil det.

Fleire av Haugefisk venner sine medlemmar trakterer trekkspel- så musikk vert det både på dag- og kveldstid. Kokken vår, Malvin, kjem og skal lage mat til kvelden. Det ligg an til ein ramsalt og koseleg kveld ombord i Haugefisk. Ta turen du og.

Påmelding til Egil Naustdal tlf: 951 86 384- eller påmelding på messa.

Velkomne ombord.

 

 

 April 2011

Haugefisk på nye oppdrag.

Haugefisk er med i den kultrurelle skulesekken i Bremanger Kommune.

Haugefisk hadde to oppdrag i byrjinga av april: å besøkje 10. klasse på Davik skule og 10. klasse på Svelgen skule.

Elevane skulle få vere med ut med båten, få høyre litt om historia og ikkje minst få vere med å prøve uølike ting som går føre seg ombord i ein linebåt.

Det vart to vellukka dagar- med posititve og engasjerte elevar.

NRK var med båten i Davik- og innslaget kan du sjå  her

 

 Haugefisk deltek på Linekonferansen i Måløy.

29. og 30.mars 2011

 

 Gledeleg nyhende: Haugefisk får pengar frå Riksantikvaren.

Riksantikvaren til saman  fordelt 42 millionar kroner i tilskot til fartøyvern.

I vårt distrikt har Riksantikvaren løyvd til saman 1 550 000 kroner til restaurering av veteranbåtane M/S Atløy, D/S Stavenes og M/S Haugefisk i 2011.

M/S Haugefisk får utbetalt totalt 370 000 kroner i år, fordi båten i fjor fekk ei førehandstilsegn for 2011 om 70 000 kroner.

I tilsegnsbrevet til Haugefisk for 2011 lovar Riksantikvaren også eit tilskot for 2012 på inntil 655 000 kroner, noko som gjev båten ei samla utbetaling på over ein million kroner på dei to åra.

 

Haugefisk til Island - til sommaren?

I løpet av februar blir det avgjort om Haugefisk skal vere med Forbundet kysten til Island sommaren 2011.

Forbundet KYSTEN set kursen mot Island til sommaren.  Det vert og anløp Shetland og Færøyene der målet er ein stor nordisk kystkulturfestival som arrangerast i Husavik  på austkysten av Island fra 16. – 23. juli.  Reisen delast opp i etappar der ein kan være med på ein eller fleire.

MS Sjøkurs skal og vere med.