Sandviksdagane i Bergen 1-2 september

 

Kystmuseet var invitert til desse dagane i Bergen.

Vi gjekk frå Iglandsvik  tidlig om fredagsmorgonen til Florø.

Her kom tilsaman 10 personer om bord frå alle musea i Sogn og Fjordane, pluss ein masse utstillingsutstyr.

Frå Florø gjekk vi den vante veien om Værlandet for å hente Malvin og Elsa.

 Vi steama sørover i fineværet og var i Bergen i 8 tida om kvelden. Vi la oss inne i vågen for å komme litt nærmare byens gleder.

Neste morgon forhalte vi til Sandvika kor musea er plassert. Der var trangt og ingen kai. For at vi skulle få nok vatn under kjølen måtte vi legge til på utsida av ein gammal 50 fots fraktebåt. (Sjå bilde i Bildearkivet.)

På grunn av det fine og stille været gjekk dette greitt.

 Vi rigga oss til og var klar for å ta om bord folk frå kl. 12:00. Og det kom masse folk. Til saman på lørdagen og søndagen hadde vi ca. 500 personer om bord.

 Folka frå musea lagde til ein strålande middag til oss på lørdagskvelden, som vi hadde på dekk. Kjempegodt og takk til dei som kokkelerte. Selvfølgelig var Malvin litt innvolvert.

 Kl. 16:00 på søndagen var stemnet over, og vi kasta loss og gjekk nordover.

Vi var einige om å stoppe over natta på Fedje. Her var vi til kai i 8 tida.

Vi kontakta Oddvar Husa på kvalskuta Olavsson for å kjøpe kvalkjøtt. Han henta oss med bil og tok oss til utsalget deira. Vi handla ein del kjøtt, og etter på kjørte han oss rundt på øya. Tusen takk Oddvar.

 Eg vart litt trist når eg fekk vita at ein god kamerat som eg hadde Fedje den tida eg var der på redningsskøyta var død av kreft berre 55 år gammel.

 Mandagen gjekk vi nordover via Skjerjehamn, Værlandet og Florø før vi var tilbake på Iglandsvika om ettermiddagen.

 Jostein.

Bilder frå turen finn du her