Yachten ” Starfire”

 

 

Først litt om båten.

Den er 54 meter lang. Eigd av ein privatperson i Fort Launderdale Florida. Når han ikkje bruker båten sjølv leigar han den ut over heile verden.

Før den kom til Vestlandet i år hadde den gått i området St. Petersburg og Finskekysten.

Frå Bremanger skulle dei til Geiranger og Ålesund.

Deretter skulle dei gå til Kiel og kanalen til Hamburg. Her skulle dei skifte mannskap før dei gjekk til Fort Launderdale.

Det var eit mannskap på 12, og 8 passasjerar.

 

Vi fekk spørsmål om vi kunne ta passasjarane ut på havfiske.

Vi fekk besked at båten skulle komme inn til Iglandsvika. Dei hadde vore inn til moloen tidlig om morningen, men snudde og la seg på Ånnevika.

Herfrå tok dei passasjerane over med ein tenderbåt.

Turen med Haugefisk gjekk fint. Det blåste ein del nordavind, så det vart ikkje dei store fisket. Dei fekk nokre torsker, lyr og makrell. Vi serverte fiskesuppa til Ragnhild. Denne likte dei godt. Etter som dei sa hadde dei hatt ein fin tur.

 

Selskapet i Oslo som bukka turen har oss på lista si, så dette kan det bli meir av i åra som kjem.

 

Jostein