Skjerjehamn 2012

 

Vi gjekk frå Iglandsvika torsdags morgon. Var innom Florø og henta folk, før vi gjekk til Værlandet for å hente Malvin.

Som vanlig hadde han med seg masse mat. Når han kom ombord sa han at det var som å komme heim.

 

Vi var i Skjerjehamn i seks tida om ettermiddagen, men folk på land måtte flytte nokre båtar for å få plass til oss. Klokka vart halv åtte før vi var faste.

 

Då var det å springe på land for å få med seg Bjørn Eidsvåg for nokre av oss.

Vi hadde nydelig vær heile tida, så vi kosa oss masse på akterdekk.

Det var mange som kom om bord til oss. Spesielt når dei oppdaga at vi hadde eit godt toalett. Så det var renning heile døgnet omtrent.

 

Det er utrulig kva dei har fått til på ein så liten plass.

Musikk på scena heile kveldane og til langt på natt. Det kunne nesten bli litt for mykje for nokre av oss.

 

Vi stima heim på søndags morgonen via Værlandet. Her stoppa vi for å ete middag. Malvin hadde trylla fram den beste klippfisken med bacon og kvit sos.

Nydelig Malvin, og takk enda ein gong for jobben din.

 

Vi var heime om kvelden i sekstida.

 

Jostein