Nordsjøportfestival i Værlandet 6-8 juli.

 

Også i år var vi med på Nordsjøportfestivalen i Værlandet.

Vi gjekk sørover tidlig fredagsmorgonen. Vi var og innom Florø for å hente nokre som kom ombord der.

I Hamna vart vi som alltid godt mottekne. På kaia stod Malvin med bilen full av ingrediensar.

Han kom om bord og begynte si kokkelering.

 

Hamna var full av båtar, og masse bilar på land. Dette såg lovande ut.

Vi hadde 2 trekkspelarar og 3 gitaristar ombord, så musikken var snart igong.

Michael Mckay ( frå Shetland) tok Boney Isle for oss på originalspråket.

 

Om kvelden prøvde nokre å gå på land, men der var så fullt på puben at det var vanskelig å komme inn.

Eg snakka med Gry om laurdagsmorgonen, og ho fortalte at det var selt 375 billettar om fredagskvelden. Ho fekk også problem med tappeutstyret sitt, så det var lang kø for å få seg ei øl.

 

Lørdagen starta med godt vær. Det var stander inne og ute på området til Værlandet  garnhotell.

Malvin sto rett ved gangwayen vår og selte fiskesuppe. Han selde tom ei panne på 40 liter på ein og ein halv time. Han sa at han kunne ha selt dobbelt så masse suppe.

 

Som nemt hadde vi med oss Michael og Terri frå Shetland. Dette er dei som vi var i bryllupet til i 2010 i Lerwick.

Eg fekk låne meg ein bil, og kjørte dei over heile Værlandet og Bulandet. Dei var imponerte over landskapet.  Spesielt likte Terri steinbrotet på Lågøya. Ho kjøpte med seg ein bit av Black Beauty.

 

Om lørdagskvelden begynte det å regne, men vi skaffa oss bil og kom oss på dansen i bygdahuset.

Masse folk og god stemning.

 

Søndagsmorgonen før vi skulle gå nordover igjen, kom eigaren av bruket, Audun Oddekalv, ombord.

Eg spurte han kva han skulle ha for straumen vi hadde brukt.

Ingen ting, svarte han. Gje meg heller kontonummeret til Haugefisk, eg vil støtte dokke med nokre tusen sa han.

 

Så tusen takk Audun.

 

Vi var heime igjen om kvelden.

Dette må vi gjere om att om 2 år.

Neste år er festivalen i Bulandet.

 

Jostein