Tur til Shetland mai 2012

 

Før turen hadde vi dugnad på vasking og reingjering.

 

Torsdag den 10. mai var vi i Måløy for å bunkre og ta inn proviant.

 

Vi la ut ifrå Iglandsvika mandagen den 14 mai kl. 09:20 i storm frå sydvest. Til Florø for å hente 5 deltakarar. 3 stk kom med ekspressen og 2 var frå Florø. Vi var no totalt 14 stk om bord. Firdaposten var om bord for å lage reportasje.

 

På grunn av at det endå bles storm beslutta vi å gå sørover mot Værlandet for å sjå været ann. Då vi kom dit bles det endå godt, så vi tok fast for natta.

 

Neste morgon den 15. kasta vi loss kl. 06:15. Vinden hadde no lagt seg, men det var endå tung sjø. Vi hadde sjø og vind rett imot, så det hoppa litt dei første timane. Det vart betre og betre når vi kom oss litt vestover. Siste halvdelen var det berre fineværet.

 

Vi kom inn til Lerwick onsdagsmorgonen i halv åtte tida norsk tid.

No hadde vi oss ein frukost i ro og fred. Nokre få hadde vore litt dårlige på overfarten, men dei kom til frukost.

 

Eg hadde ringt til Michael og vekt han på vei inn, men han ville sove litt til. Men i nitida dukka han og Terry opp på kaia.

Vår gode venn David Anderson kom og.

 

No måtte vi i land for å toppe opp proviantlista med tørt og flytande.

 

 Klokke 12:00 kasta vi loss for Scalloway. Michael, Terri og David vart med på turen.

 

Vi kom til Scalloway i 4 tida. Her var KNM Hitra, kystvakta Bergen og Nybakk allereie komt. 

Vi fekk om bord representantar for arrangasjemanget for informasjon.

 

Vi tok no alle taxi over til Lerwick. Derifrå med ferga til Bressay for ein aldeles nydelig sjømatmiddag. Her var alt godt frå sjøen.

 

Vi måtte springe for å rekke siste ferga tilbake kl. 22:30.

 

Nokre tok seg no ein tur på byen, men dei fleste av oss reiste tilbake til Scalloway og tok kvelden. Det var ein stor dag i morgon, så vi trengte litt søvn.

 

17. mai var vi alle tidlig oppe. Hadde frukost og dressa oss opp i finstasen.

Olemann og Bård hadde tatt med ein bjørkekvist frå Grotle. Denne vart pynta med norske fargesløyfer.

Vi hadde fått beskjed om å levere denne i kirka rett overfor krigsmonumentet, før vi gjekk opp til skulen.

Vi tok selvfølgelig eit bilde av Olemann og Bård ved monumentet før vi leverte frå oss kransen.

 

På skulen var det samla masse folk, både Shetlendarar og Nordmenn.

Her vart det litt venting mens Stoltenberg hadde møte med skulen.

 

Etter ein times tid vart vi stilt opp for 17. mai tog. Det var utrulig mange som hadde møtt opp. Det var kjempekjekt å sjå kor ungane ropte og vifta med Norske flagg. Alle flaggstenger var og pynta med Norske flagg.

 

Ved krigsmonumentet heldt fleire taler og la ned kranser.

Eg nevner: Stoltenberg, Council of Shetland, representantar frå Scotlands regjering og mange andre. Bjørka som Olemann og Bård la ned vil eg seie var heilt spesiell. Dette på grunn av at den var frakta frå Grotle og til minnestatua etter Ola og Bård som gav deira liv for freden.

Dei forsvann begge i kvar sin båt i Nordsjøen.

 

Bård var skipper på Aksel som forsvann  den 6. desember 1942.

 

Ola var skipper på Feiøy som forsvann den 7. januar1943.

 

Her må også nemnast at Johan Kristoffer Klungreseth forsvann også på Feiøy saman med Ola. Han var mannskap med Ola heile tida.

 

Rett etter dette gjekk vi til det nye museet i Scalloway, som Stoltenberg opna.

 

Etter dette hadde vi open båt. Vi fekk om bord masse folk. Alle skuleklassane måtte ha fri resten av dagen, for det krydde av born om bord.

Vi reknar med at vi hadde ca. 300 personer om bord denne dagen.

 

Vi hadde også sal av treskjæring og litt strikkaplagg om bord.

 

Om kvelden var det underholdning, mat og dans på Scalloway hall.

 

18. mai: Om føremiddagen var båten fortsatt open og folket strøyma på.

 

Kl. 13:30 var det satt opp buss til Lunna.

Dette er plassen det heile starta med Shetlandsbåtane. Det vart for grisgrent og for langt vekke for reperasjoner etter kvart, derfor vart base flytta til Scalloway.

 

Med på turen var son til David Howarth. Han fortalde om det som faren hadde sagt etter krigen.

David Howarth var nestkommanderande for operasjonane, og har skrive boke: Shetland Bus.

 

Vel om bord igjen vart vi fortalte at det hadde vore 140 til 150 menneske om bord i dag og.

 

Olemann lagde komler og saltkjøtt til oss, som vart fortærte med god appetitt.

Vi hadde og besøk frå Hitra, som likte maten godt.

Om kvelden hadde vi musikk og song om bord.

 

Laurdag den 19. Vi hadde hørt at M/S Heland hadde fått problem med ror og omstyring når dei kom inn til Out Skerryes. Dei vart slepte til Lerwick.

Det var snakk om at vi skulle gå på sida av eller slepe dei heim att. Vi reiste derfor til Lerwick for å snakke med dei.

Dei hadde då fått det meste i orden igjen.

Vi avtalte då att vi gjekk vest og nord om Shetland på veien heim neste dag og at vi kunne møtast opp ved Statfjord.

 

Om ettermidaggen vart vi invitert på grillparty hos Steven, broren til Michael.

Her fekk vi masse god mat og drikke.

Om kvelden var det Vikingparty og dans i Scalloway Hall.

 

Det hadde vore ca. 150 mennesker om bord i dag også.

 

Søndag 22. mai. No er det tid for heimreise. Vi tok laust frå Scalloway i 12 tida.

Etter ein halv time ringte dei frå Heland at vi måtte komme til Lerwick for dei hadde fått problem igjen. Vi snudde då rundt for å gå syd om. Dette er mykje kortare når vi måtte inn til Lerwick.

 

Etter ei stund ringte dei opp igjen at no var alt i orden, og vi kunne berre fortsette.

 

Vi kom inn til Florø i 3 tida på mandagen etter ein fin tur over Nordsjøen.

Sette i land dei som hadde komt om bord der. Deretter fortsette vi til Iglandsvik.

Var faste der kl. 18:00.

                                             

Jostein.