Turreferat for sommaren 2011.

 

2011 har vore eit travelt år for båt og mannskap.

 

I løpet av vinteren sette vi inn ein overhalt, men ny for oss, MAN hjelpemotor. Denne vart gjeve av Autolast A/S i Førde. Så ei stor takk til dei.

 

Den kulturelle skulesekken: I april var vi til Davik og Svelgen med 10. klassingane ut på fjorden for å lære dei korleis ein set og dreg liner. Elevane på Hauge Skule hadde same opplegget i mai.  Dette var svært vellykka, og vi håper at vi kan gjere dette til ein årlig ting.

 

Så var vi med på Bremangermessa 30. april og 1. mai.

Det var ein del folk om bord for å sjå på utstillinga og kjøpe vafler og kaffi. Vi hadde eit lite basseng på luka med fleire Elias-båtar som ungane kunne leike seg med. Svært populært.

Om kvelden hadde vi 60 personar om bord med sal av fiskesuppe. Havly stilte med sal av vin og øl. Av program hadde vi quiz, og så var det musikk med trekkspel og allsang. Dette vart ein kjekk kveld og natt. Vi fekk mange positive tilbakemeldingar på denne kvelden, spesielt på den fantastiske fiskesuppa som Malvin laga.

 

Måndag den 2. mai gjekk vi til Verlo i Måløy for å skifte eksosen på hovudmotoren. Her vart det ein masse reising til og frå for dei som var med. Stor takk til Magnar, Olemann, Bård og Jostein som var der nesten kvar dag. Jobben vart utført svært fint av Verlo. Stor takk til dei.

 

Den 27. mai sette vi kursen for Frederikshamn i Danmark for å overhale hovudmotoren. Frå Iglandsvik var Olemann, Bård og Jostein mannskap. Første stopp var Kalvåg. Her hadde vi bestilt proviant, så den vart teken om bord. Her kom også Pamela om bord. Neste stopp var Florø. Her tok vi om bord noko utstyr, og Bjørn og kona samt Magnar.

Etter 2 døgn seilas med godt vær kom vi til Frederikshamn søndag i 6 tida om ettermiddagen.

Neste dag kl. 07 kom folka frå Man for å starte arbeidet.

Tyssdag reiste Olemann, Bård, Jostein og Pamela heim igjen via Hirtshals og Bergen. Magnar og Bjørn vart igjen for å vere våre representantar under arbeidet. Dei gjorde ein stor innsats der. Alt hadde vore så mykje vanskelegare om ikkje Bjørn hadde vore der saman med Magnar.

Den 21. juni reiste Olemann, Jostein og Ludvig Grytten ned igjen for å ta båten heim igjen. Men det visste seg snart at vi ville bli forsinka. Først den 1. juli kunne vi sette kursen nordover. Vi hadde godt vær i Frederikshamn så vi fekk pussa båten mens vi venta på maskinfolket. Resultatet vart førsteklasses. No trippa ho Alfhild så lett og fint, samt at hon var blitt mala oppatt med originalfargen. Vi var heime att søndags kvelden.No var det berre ei veke til vi skulle gå til Island.

 

Søndag den 10. juli gjekk vi til Kalvåg. Om ettermiddagen kom Knut og Bakkejekta til Kalvåg. Måndagen brukte vi til å ta desse båtane om bord. Bakkejekta er ein stor og tung båt, så det tok nesten heile dagen før dette var i orden. Vi gjekk til Måløy om kvelden. Neste dag tysdag den 12. juli vart det ordna med proviant, fleire redningsdrakter og bunkers. Kl. 17 om ettermiddagen sette vi kursen mot Island. Litt nordavind dei første 10 timane, men etter det hadde vi berre fineværet.

Vi brukte 75 timer til Husavik.

 

(Du kan sjå vår innsegling på http://www. youtube.com og sett haugefisk i søkefeltet.)

 

I Husavik var det fleire seglbåtar frå Island, Færøyane, Tyskland, Danmark og England. Frå Norge var også Sjøkurs( ex Ragnvald Jarl). Nokre av oss leigde bil, og køyrde til Reykjavik for å hente Reidun, Anne Lise og Liv Marit. Dagen etter var vi og såg Tingvellir, Geysiren og Gullfoss. 

Det var stor ståhei i land og på sjø heile veka.

 

Fredag den 23. gjekk vi frå Husavik for å gå til Torshamn. Det tok oss 48 timar å gå i godt vær.

Torshamn var ein opplevelse. Vi hadde med oss Marit Steinsund. Ho hadde jobba i over eit år i Torshamn, så ho var ein god guide for oss. Torsdag den 28. var det masse liv i byen. Det store denne dagen var kapproinga på hamna. Det var fantastisk å sjå på. Den gjevaste klassen vart vunnen av Klaksvik. Så var det fest over alt. Fredagen var det tivoli og alle mulige ting for store og små.

Klokka 23 samla alle seg i sentrum i byen, og ved midnatt sette dei i å synge. Det må ha vore 12 til 15 tusen menneske samla. Vi song gjennom eit hefte på 19 songar, så dette tok nesten to timar.

Klokka 04 om natt til laurdag sette vi kursen mot Norge. Vi var i Florø søndags ettermiddag i 6 tida. Her sette vi Bakkejekta på sjøen så dei kunne segle heim til Dalsfjorden. Fleire av turdeltakarane gjekk også i land her. Resten av oss fortsette til Kalvåg. Her vart turen avslutta i ni-tida om kvelden.

 

No var det tid for å planlegge Kystkulturstemnet.

Dette vart avvikla fredag den 5. til søndag den 7. august. Her var mykje folk og Haugefisk låg som ei scene ved kaia. Ombord hadde vi ei utstilling. Det vart avvikla fiskekonkurranse og masse andre aktivitetar. Om fredagskvelden hadde vi pub på Kafe Vest. Dette vart vellykka med mange glade folk.

Søndag den 7. gjekk vi med båten til Iglandsvik, og her avslutta vi sommaren.

 

 

Jostein Nødset