Vedtekter

 

  1. 1.        Foreininga sitt namn skal vere Haugefisk Venner.

Foreininga si forretningsadresse er i Bremanger kommune.

 

  1. 2.        Formål

Venneforeinga sitt formål er å lage eit aktivt miljø for bevaring av Haugefisk gjennom  dugnad og samarbeid med Kystmusèet i Sogn og Fjordane og andre eventuelle interessentar.

Haugefisk skal sikrast som kulturminne for distriktet og for seinare generasjonar. Venneforeininga skal arbeide med å skaffe midlar til reastaureringa, stille mannskap til turar og delta aktivt for å selje andelar når det blir etablert ein stiftelse for Haugefisk.

 

  1. 3.        Medlemmar

Alle som har interesse for Haugefisk og miljøet rundt ei restaurering kan verte medlem.

Medlemskapet kostar 200 pr. år. Livsvarig medlemsskap kan teiknast for 10 gonger årsmedlemsskap. Medlemmane har ikkje økonomisk ansvar for drift og vedlikehald. Alle medlemmar har rett til å møte på årsmøtet i Venneforeininga.

 

  1. 4.        Styret

Styret er venneforeininga sitt høgaste organ og blir valgt av årsmøtet. Styret skal bestå av 5 medlemmar og veljast for 2 år i gongen. Første året veljast 2 medlemmar for eitt år og 3 medlemmar for 2 år. Styret er vedtaksføre når minst 3 medlemmar er til stades.

Styret konstituerer seg sjølv. Leiaren har dobbeltrøyst ved likheit i avstemming. Venneforeininga stiller med ein representant i stifitnga for Haugefisk når denne er etablert.

Styret representerer Venneforeininga utad og skal i samarbeid med Kystmusèet  organsiere drift og vedlikehald av Haugefisk.

Styret har ansvar for at det blir ført rekneskap for Venneforeininga. Det skal setjast opp årlege budsjett og leggast fram ein arbeidsplan for året. Styret kallar inn til årsmøte der budsjett og rekneskap skal godkjennast.

 

  1. 5.        Årsmøtet

Årsmøtet er foreininga sitt høgaste organ. Ordinært årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av mars. Årsmøtet skal kunngjerast ved utsending på mail og plakat.

Årsmøtet vert leia av styreleiar og skal behandle årsmelding, rekneskap, budsjett og handlingsplan for kommande år, samt organsiere val av nytt styre. I tillegg til andre saker som går fram av innkallinga behandlast, som for eksempel årskontingenten.

Årsmøtet er vedtaksført utan omsyn til frammøte.

Vedtak fattast ved simpelt fleirtal. Ved avstemming har kvart medlem ei stemme. Det er ikkje høve til å stemme på vegne av medlemmar som ikkje møter. Årsmøtet vel 2 medlemmar som skriv under årsmøteprotokollen.

Ekstarordinert årsmøte kan kallast inn på 14 dagar varsel dersom 40% av medlemmane krev det, eller når styret finn det nødvendig. Ekstraordinært årsmøte kan berre behandle dei sakene som står i den skriftlege innkallinga.

  1. 6.        Vedtektsendring.

Vedtektsendring kan vedtakast på årsmøtet og krev 2/3 fleirtal.

Framelgg til endring skal vere styret i hende seinast ein månad før årsmøtet og skal kunngjerast skriftleg gjennom innkalling til årsmøtet.

  1. 7.        Rekneskap

Rekneskap og balanse skal avsluttast innan 31.12 kvart år og skal følgje kalendeåret. Budsjettet følgjer regnskapsåret.

  1. 8.        Protokoll

Styret har ansvar for at det blir ført referat frå alle styremøter og årsmøter, og at alle dugnadstimar blir registrert. Dette skal protokollførast og oppbevarast tilfredsstillande.

  1. 9.        Oppløysing

Oppløysing av Venneforeininga krev ¾ fleirtal på årsmøtet. Tidsfristar for å komme med framleggg om oppløysing og for å kunngjere dette er det same som vedtektsendring.

Verdiane i venneforeininga ved ei oppløysing skal tilfalle Haugefisk og forvaltast i samsvar med Venneforeininga sit føremål.

 

 

Bremanger  27.januar 2010