Haugefisk Venner skal ha årsmøte 31.03. 2017 kl 18.00 ombordstigning på Haugefisk på Iglandsvik.                                   På saklista står det vanlege årsmøtesaker.                                                                                                                            Vel møtt!                                                                                                                                  

                                                                                                                                                                                                                                                                   Den 30. juni var det på tur igjen. Denne turen var ei dannelsesreise for å feire Kåre Jarl sin 60 årsdag. Først til Kirkwall 

 Kirkwall

 

Her hadde vi mange fine turer.

 

Herfra stemna vi mot Oban i Scotland. Gjennom Pentland hadde vi heldigvis medstraum. På det meste gjorde vi 17,4 knop.

 

Mandag den 6. juni om morningen kom vi til Douglas Isle of Man.

Hamna i Douglas var spesiell. Stor forskjell mellom flo og fjære. Sjå bildene.

Fjære sjøFlo sjø

 

På landOmbord igjenPent i Douglas

 

 

Meir fjære

 

 

På tirsdagen tok nokre av oss flytur til Belfast for å besøke Titanic museet der. Kjempefin tur.

 

Onsdag den 8. var den store dagen. Då var vi på tur med tog og buss. Besøkte Castletown på sørkysten og Piel på vestkysten. Om kvelden var vi på ein fin restaurant for god middag.

 

Frå Douglas gjekk vi til Stornoway på Hebridene. Vi kom inn lørdags ettermiddag. Vi måtte handle alt vi trengte då, for på søndag var alt stengt.

 

 

Herfrå gjekk vi til Pierrowall på Westray Orkenøyane. Dette er ein plass som håbåtane brukte masse ved dårlig vær. Fin liten plass.

 

 

Neste stopp var Fair Isle. Dette er ei nydelig lita øy midt mellom Orkenøyane og Shetland.

Det bur ca 50 personer på øya. Nokre stilte opp og kjørte oss rundt.

 

 

Vi kom til Lerwick tirsdag ettermiddag. Her blei vi som vanlig godt motatt. Vi var på privat hageparty i det fine været. Onsdagen hadde vi nydelig fint sommervær. Damene måtte shoppe seg ferdig.

Torsdag i middagstida bar det heimover igjen. Var heime fredag i middagstida via Byrknes.

 

 

 

 

 

 

Onsdag den 17 juni satte vi kursen vestover igjen. No var det medlemstur på gang. Vi var 15 stykker som vart med.

Først til Lerwick for å feire midtsommer. Som vanlig ver det karnevall og opptog gjennom gatene i Lerwick.På mandagen hadde vi ein minibuss og reiste rundt på Mainland.

 

Tirsdag kveld kasta vi loss for å gå til Kirkwall. Her hadde vi og turer rundt om på øyene. Masse innterisant å sjå. Ein tur til Highland Park måtte selfølgelig vere med.

Fredags kveld var det retur mot Norge igjen. Vi var i Smørhamn tidleg på søndagsmorgonen.

Alle samla før avgang

 

 

 

Frå den 4. mai og i fjorten dager fremover slippa vi båten hos Johansen på Raudeberg.

Alle bunnventiler ut for innspeksjon. Dei såg fine ut og ble godkjent for 5 nye år.

Vi tappa ned begge ferksvanntankane. Den akter visste vi var skitten, så den blei grundig reingjort. Drikkevannstanken i bauen var ikkje så galen, men han fekk seg ei rengjøring.

Den største jobben vart gjort av firma Heggøy frå Florø. Dei hørtrykkspylte skutesidene i eit belte på 1,5 meter i vannlinja heilt inn på stålet. Deretter hadde vi firmaet Oceaneering til å måle platetjukkelsen i skutebunn og kollisjonstankane. Alle mål var godt innafor grensene. Så no veit vi kva vi har under føttene.

Alle sinkblokker blei skifta. Deretter var de ein kamp å få smort skutesider og skutebunn innmellom haglebygene.

I motorrom vart skutebunn tømt for oljeholdig vann og grundig vaska. Begge generatorer vart vaska av Stadt Elektro.

 

 Sveinung og Kåre sveiser sinkblokker.

Belte som blei høgtrykkspylt.

 

 

Årsmøtet blir ombord 30 april kl. 18:00.

Vanlige årsmøtesaker.

Båten blir liggande ved flytekaia på Iglandsvik.

 

 

Kl. 20:00 samme kveld lager vi til ein 10 års fest med mat og drikke ombord.

Til dette må vi ha påmelding.

Meld deg på til: jostein.nodset@haugefisk.no

eller telefon: 97574116.

 

 

 

Vi planlegg ein ny medlemstur til sommaren 2015. Turen vil gå til Lerwick på Shetland og Kirkwall på Orkenøyene. Vi planlegg å starte frå Smørhamn den 18 juni og vere på tur ca 10 dager.

Meld deg på til Jostein på tlf: 97574116 eller  jostein.nodset@haugefisk.no.

Første til mølla gjelder.

 

 

 Haugefisk blir liggande ved flytekaia på Iglandsvik under Opplev Bremanger veka. Vi flyttar båten inn der torsdag den 3. juli og blir liggande til den 14. Vi må ta forbehold om været, men det er sommer så det blir sikkert bra.

Under veka er det mulig for medlemmer av Haugefisk Venner som ikkje kan bu i Bremangerbygda å få overnatting ombord. Vi har plass til 16 personer kvar natt. Så først til mølla prinsippet gjelder. Meld deg på til   jostein.nodset@haugefisk.no med namn, tidspunkt, antall personer og telefonnummer. Vi tar kontakt når vi får e-mailen frå dokke.

 

Søndag den 6. skal vi ein tur på fjorden frå kl. 13:00 og eit par timer. I dette tidsrommet er det mulig at dei som overnatter må bli på land, så fremt ein ikkje melder seg på turen.

 

Torsdag den 10. blir det konsert i Vetvika med det Irske gruppe Tupelo om været tillet det. Vi skal gå 2 turer med Haugefisk. Kl. 12:00 og kl. 15:00.

I Vetvika blir det mulig å grille medbrakt mat. Konserten starter kl. 18:00. Etter konserten blir det retur til Iglandsvik. Pris for turen blir Kr. 250,- for vaksne og kr. 100,- for barn.

 

 

 

 Turen til Oslo må disverre avlysast. Vi fekk ingen stønad for å gjennomføre turen.

 

Turen til Oslo er endå ikkje fullfinansiert. Vi venter på avklaring i slutten av april.

 

 

Det er planlagt ein medlemstur til Shetland og Orkenøyene.

Vi går frå Smørhamn den 19. juni om kvelden og blir på tur ein 12 til 13 dager.

Det er endå nokre plasser ledig. Meld deg på til Jostein. Tlf: 97574116.

 

 

 

Årsmøtet blir den 29. april kl. 18:00 ombord i Haugefisk i Smørhamn.

Vanlige årsmøtesaker.

 

 

Haugefisk har testa egnemaskina. Alt fungerte fint. No kan vi vise fram båten som den var i si velmakt.

 

Klikk på linken under for å sjå NRK sitt opptak.

http://www.nrk.no/sognogfjordane/slik-har-fiskebaten-fatt-nytt-liv-1.11586069

 

 

 

 

 

Piren i Lerwick

Slik kan det vere ved piren som vi ofte har lagt ved i Lerwick.

 

Søndag den 19. januar gjekk vi til Ålesund for å få innmontert egnemaskina.

Vi skulle få hjelp av Magnar Lyngstad som har jobba mange år for Mustad.

 

Magnar Lyngstad finjustererMalvinGrepstad justerer egnemaskina

Magnar Lyngstad finjusterer                                        Malvin Grepstad justerer egnemaskina

 

Magnar Langeland ordner strømmenMagnar ser fornøgd ut.

Magnar Langeland ordner strømmen.                           Magnar ser fornøgd ut.

 

Bård Grotle gjorde ein stor innsats med brenning og sveising.

Resultatet ser ut til å vere bra, så no gjenstår litt fininnstilling og prøvekasting.

 

 

Vi i styret hilser alle ei god jul og eit godt nyttår.

Vi kjem tilbake med innfo om aktiviteter seinare.

Det jobbes med blant anna 2 turer til Shetland i juni og august, tur til 200 års jubileet for grunnloven i Oslo i juli månad.